| Forsiden | Turutstyr | Hytter og ruter | Finn Turer og Kurs | Bli medlem | Nyhetsbrev | Om Bergen Turlag |
Fakta
Turdatoer
07.07.2012
- 08.07.2012
Merk at datoen for denne turen er passert!
Terreng
Meget kupert
Vanskelighetsgrad
Litt krevende
Kontakt/påmelding
Fjellfest på Fonnabu med breføring!Lørdag 7.juli inviterer vi til opning av hyttene for sommarsesongen. Vi arrangerer tur med turleiar frå Bondhus via Bondhusdalen, Gardshammar og langs Turistvegen til Breidablikk og Fonnabu. Turen startar med frammøte på p-plass Bondhus kl. 10.00. Vi lagar til Fjellfest på Fonnabu med mat, allsong, sosialt samvere og gode historiar. Vi lovar god stemning! Sundag går turen vidare over fonna til Holmaskjer for dei som ynskjer det. I samarbeid med Folgefonni Breførarlag vert det føring i taulag. Turen over fonna går til fots på snødekt bre. Denne turen er ei flott oppleving som vi anbefaler å få med seg. Turen vidare ned Tokheimslia til Tokheim i Odda, gjer denne to-dagars turen til ei fantastisk oppleving frå Fjord til Fonn! Her får ein med seg fjordane, dei grønne, frodige dalane i Bondhusdalen og på Odda-sida, fjell, fossar og breen. Bli med oss på dette! Vi lovar deg ein fantastisk tur i eit vakkert landskap god stemning på hytta. Turleiarar frå Kvinnherad turlag: Kåre Eik tlf. 957 84 842 Kjell Yri tlf. 488 93 150 Mona Enes tlf. 489 94 337 Folgefonni Breførarlag fører over fonna og låner ut naudsynt utstyr. Pris for deltaking på tur og fjellfest: kr. 450,- for medl. og kr. 600,- for ikkje-medl. Dette inkluderer turleiing, felles måltid lørdag kveld, overnatting og enkel frukost. Deltakarane må ha med seg nistemat til turen for begge dagane. Fotturen til Fonnabu tar om lag 6 timar. PÅMELDING: til Anne Kari Enes, anne.kari.enes@kvinnherad.kommune.no tlf. 951 96 467 Ein må melde seg på innan 1.juli til 1. TUR til Fonnabu og FJELLFEST fotturen til Fonnabu er omtalt her (merk at den oppgjevne tida på 10 timar gjeld tur og retur same dag) : http://www.visitsunnhordland.no/no/Produkt/?TLp=331814 2. Breføring til Holmaskjer (alternativ til føring over fonna er å gå ned att same vegen som ein kom opp). Det er eit tillegg i prisen for breføring etter breførarlaget sine satsar. Meir info. om turen over breen, finn du her: http://folgefonni-breforarlag.no/turar/fonnabu.htm
Turfølgje på veg til Fonnabu langs Turistvegen opp frå Bondhusdalen.
Fonnabu i juli.
|
SøkTurer og aktiviteter
Mediaomtale
|