| Forsiden | Turutstyr | Hytter og ruter | Finn Turer og Kurs | Bli medlem | Nyhetsbrev | Om Bergen Turlag |
Fakta
Turdatoer
15.07.2012
- 29.07.2012
Merk at datoen for denne turen er passert!Temauker på Fonnabu: Breføring og hytteliv
Klar for tur over breen i taulag med Folgefonni Breforarlag. Alle i vanlig god turform kan klare denne turen, også spreke barn med godt fottøy. Det er daglig føring fra 13. – 29. juli, men man må booke turen via web eller telefon dagen før. I tillegg til daglig føring, kan man forhåndsbestille turer perioden 13. juni til 15. september. Booking: 55 29 89 21/95 11 77 92 tlf. åpen 24 t/døgn. Online booking:http://booking.hardangerfjord.com. Hvis du ikke har bestilt, men kommer til hytten, får du være med over dersom det er plass (nok utstyr). God og grundig informasjon finner du på www.folgefonni-breforarlag.no
Breføring over Folgefonna Sundal – OddaBeskrivelseRuta frå Mauranger til Odda er ein ferdsleveg med lang historie. På slutten av 1800 talet og eit stykke ut på 1900 talet vart folk førde på hesteryggen opp til brekanten og dregne på slede over breen. Seglbåtane og seinare dampbåtane segla i mellomtida rundt halvøya og plukka turistane opp på andre sida. Det er såleis ei glede for oss i Folgefonni Breførarlag å føra tradisjonen vidare med å drive føring på den tradisjonsrike ruta for alle fjellinteresserte, med eller utan breerfaring. Fakta Turen frå Sunndal til Fonnabu-hytta går opp den nydelege Keisarstien som er godt merka med vardar og raude T-ar. Frå Holmaskjer-hytta er den gamle ferdslevegen ned til Tokheim/Odda rusta opp og godt merka. Såleis kan folk på eigenhand ta seg opp til brekanten og verta førte over breen av kyndige folk. Å kryssa Folgefonna krev gode orienterings kunnskapar samt breutstyr. Turen over breplatået byr på alt frå flott sommar vær til snø og regn. Det er difor naudsynt å pakka sekken som om ein skulle på vinter tur. Hue og vottar er obligatorisk utrusting samt solbriller og solkrem. Krav til deltakarane er normalt god form. Tung oppstigning til breen på begge sider. Sjølve breturen går i roleg tempo over breen. Turen byr på nydeleg utsikt i alle retningar, ein er på Noregs tak! Hardangervidda og Hårteigen i aust, Nordsjøen i vest, Rosendalsalpane i horisonten og Hardangerfjorden under oss for å nemne litt av det ein ser.. Folgefonntunnelen gjer at ein kjem seg frå Odda til Mauranger (Sundal) på 10-15 minuttar. Frå Rosendal til Mauranger (Sundal) er det 40 minuttar. Henting av bilar er difor enkelt med buss eller taxi. Nærare informasjon om hyttene og ruta opp til breen kan ein få ved å venda seg til Bergen Turlag 55 33 58 10 og www.bergen-turlag.no Gruppeturer utenom de daglige føringene Vil man gå turarer over breen utenom den daglege føringen i fellesferien, kan ein mellom 15. juni og 15. september tinga eigne turar, gjerne i grupper. Prisen er då ein annan. Desse turane må førehandstingast minimum 3 dagar i førevegen. Lengde Breturen tek ca. 3 timar mellom Fonnabu og Holmaskjer. Det er 5,5 km i luftlinje, og ca 200 høgdemeter forskjell. Vest-Aust: Sundal (Mauranger) til Fonnabu 6-8 timar, Fonnabu til Holmaskjer 3 timar (med breførar), Holmaskjer til Odda (Eitrheim) 4 timar. Aust-Vest: Odda (Eitrheim) til Holmaskjer 6 timar, Holmaskjer til Fonnabu 3 timar (med breførar), Fonnabu til Sundal (Mauranger) 5-6 timar. Påmelding Tur må førehand tingast. Telefon 55 29 89 21/ 95 11 77 92, web: www.folgefonni-breforarlag.no, eller besøk oss på kundesenteret; Juklafjord. Kapasitetsavgrensinga er overnattingsplassar på hyttene, men som regel er det god plass. Overnatting Fonnabu (DNT/BT sjølvbetjenthytte med 32 senger) Holmaskjer (DNT/BT sjølvbetjent hytte med 20 senger). Bussrute Odda-Sundal: nr. 760 - Odda-Utåker www.skyss.no Passer for Turen mellom Fonnabu og Holmaskjer er den lettaste delen av turen. Opp og ned stigninga til breen er tyngst. Ein bør vere fjellvand for å gå denne turen. Utstyr Naudsynt breutstyr er inkludert i prisen. Alle må ha med seg vinter klede, ull innerst, vind og vasstette klede, vottar, hue, skjerf, solbriller, solkrem, drikkeflaske. |
SøkTurer og aktiviteter
Mediaomtale
|