Søk etter turer og aktiviteter

Vis avansert søk

Fakta

Turdatoer
12.08.2012 (Hermund Fenne)

Merk at datoen for denne turen er passert!

Terreng
Meget kupert
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende
Kontakt/påmelding
Hermund Fenne
917 03488
Arrangeres av
Kvinnherad Turlag

Tur gjennom Kvitnadalen får Markjelke til Raunsdalen og Åse

Vi kryssar Folgefonnhalvøya på tvers, går via Kvitnadalen frå Mauranger til Sørfjorden i Hardanger. Bli med på ein flott og lang fottur i eit majestetisk landskap.

TUR GJENNOM KVITNADALEN

Søndag, 12. august går turen på tvers av Folgefonnhalvøya, frå Mauranger til Sørfjorden i Hardanger, mellom Midtfonna og Nordfonna. Vi startar  i 800 meters høgd frå Markjelke. Snart kjem vi inn i Kvitnadalen,  dalsøkket som er eit framhald av Hardingaskaret. Vi går i sørkanten av Kvitnadalen til Raunsdalen og garden Åse på sørfjordsida.

Ruta er kjend frå gamal tid, og denne vegen kunne ein stort sett unngå å koma inn på breen. I år er det mykje snø i høgfjellet, og deler av traseen vil verta vurdert på førehand.

Turen er nokså lang, og øvste del av nedstiginga frå Kvitnadalen, delvis på snø, er heller bratt.  Raunsdalen er både vill og lun på same tid, omkransa av brefall og høge nutar, men med rolege bekkefar og irrgrøn vegetasjon i botnen. Ikkje tilfeldig at dalen ofte representerer Folgefonna nasjonalpark på bilete. Turen vidare mot Åse byd på flotte fossar.

Dette er andre gongen turen vert skipa til som eit samarbeid mellom Mauranger/Ænes bygdelag og Kvinnherad turlag. Ikkje mange går denne traseen sommarsdag, men kjentfolk frå Mauranger skal losa trygt over.

Arrangørane  organiserer køyring til Markjelke og retur til Kvinnherad frå Åse/Kvitno.

Påmelding til Hermund Fenne 91703488 seinast 10. august. Turavgift kr 100 for medl. Og 150 for ikkje-medl. I tillegg kjem skyssutgifter Åse – Mauranger.

Frammøte i Nordrepollen kl 0830

Vel møtt til ein spennande tur, men vi må ta ver-atterhald!

Kvinnherad turlag