Annonser

 
 
Del | Tilbake | Skriv ut | Tips en venn

Fonnabu-hyttene klare for sommarsesongen

I helga vart det utført stor dugnad på Fonnabu-hyttene. Rikelege mengder med ved, gass og proviant er no på plass. Det er utført storvask i alle husa, så no er hyttene klare til å ta imot sommargjester.

Det er framleis mogleg å gå turar på ski i området. Frå Øyremerkjevatnet og inn til hyttene er det godt skiføre, på Folgefonna er det også mulighet for å gå på ski lenge enno. Med nattefrost slik vi hadde i helga, var føret gnistrande. Så om du lar deg friste, kvifor ikkje nytta dei ljose sommarnettene til ein skitur på fonna? Det er magisk å få oppleva

solnedgang og soloppgang frå breen. For dei som ikkje likar teltliv i snø, er Fonnabu-hyttene opne for overnatting for alle. Her er enkel komfort, men rikeleg til at ein kan ha eit godt opphald og betena seg sjølv i varm hytte med proviant for sal.

Stien frå Bondhus er mogleg å gå til fots.

 Sjølv om det framleis ligg noko snø frå 1200 moh., er denne fast nok til at det ikkje er problem å ta turen til fots.

For sommarsesongen vert det også i år tilbod om breføring mellom Fonnabu og Holmaskjer. Påmelding til føring skjer på hyttene. Turen kan gåast med førar begge vegar, anten ein vel å starta frå Fonnabu om morgonen eller Holmaskjer på ettermiddagen. Breføringa vert arrangert dagleg i perioden 10.juli til 1.august i år, i tillegg til kvar helg i august. http://folgefonni-breforarlag.no/turar/fonnabu.htm

I tillegg til organisert breføring tilbyr turlaga fellesturar til Folgefonna. Fellesturane er opne for alle. For meir informasjon, ta kontakt med turlaget.

Velkommen til fjells!

Kvinnherad turlag

Fonnabu-hyttene ligg vakkert til ved brekanten. Ta turen dit i sommar du, og!

Proviant finn du for sal på hytta.

Bildet er tatt 20.juni. Framleis noko snø, men ingen problem med å gå turen til fots slik vi gjorde.

Utsyn mot Fonnanuten. I bakgrunnen til høyre Nordfonna og Kvitnadalen.