Del | Tilbake | Skriv ut | Tips en venn

Kvinnherad Turlag er eit lokallag under Den Norske Turistforening/Bergen Turlag. Kvinnherad Turlag vart skipa 5. november 1998, og skal arbeida for eit aktivt, naturvenleg og trygt friluftsliv for alle som bur i, og som vitjar kommunen. Moglegheitene i nærmiljøet er mange, både når det gjeld turar på ski og til fots. I Kvinnherad har vi ein unik natur som og gjev utfordringar for dei som ynskjer å driva bre- og klatreaktivitetar.

 

 

Med turlaget på to hjul vest i havgapet, 9.-10.juni

Andre helga i juni kan du vera med turlaget på sykkeltur gjennom Bømlo og Austevoll med ovenatting heilt ute i havgapet på eksotiske Slåtterøy fyr. Høyrest dette kjekt ut?

Vi startar laurdag morgon med skyssbåt frå Sunde til Bømmelhavn, heilt sør på Bømlo. Turen går vidare gjennom eit nydeleg kystlandskap på vegar som eignar seg godt for sykling

Les mer

OPPTUR 9.mai Vel blåst!

Årets OPPTUR vart gjennomført i dag med 100 % oppslutnad frå 8.klassingane frå dei fem ungdomsskulane i Kvinnherad. Elevane kom frå Hatlestrand, Rosendal, Åkra, Husnes og Øyatun skular. Saman med lærarane og eit knippe frivillige seniorar fekk dei ein fin tur frå Valen til Nordfjell, Vardhaugselet og Olderbotn.
Les mer

SMAKEN AV FONNA.

Med store fullmåne i vente der oppe er det ein sprek gjeng med tunge bører og breie ski som er på veg inn Bondhusdalen. Kvinnheringar, haugesundarar, bømlofolk og jærbuar. Til og med ein kar heilt frå hovudstaden har teke turen til Kvinnherad for å vera med oss over fonna.
Les mer

Sol og skiglede

Fjellsportgruppa i Kvinnherad sin årlige toppturcamp vart førre helga arrangert i Rosendal frå laurdag til sundag. Trass i litt varierande vêrmeldingar på førehand, skein sola opp og helsa oss velkomne då vi møttes ved bommen på Kletta. Inkludert turleiarane, Ole Vidar Monsen og underteikna, talte antalet deltakarar åtte. Det skulle gjerne vore fleire, men når det fyrst var så få, var det jammen ein fin liten gjeng å vere på tur saman med.

Les mer

Festspel på Storhaug

I ettermiddag kom Barnas Turlag ned frå Storhaug etter ei heit natt i fuglane sitt rike. Allereie ein halv time etter at borna kraup i soveposane, kunne dei høyre lydane av dei første kurrande orrhanane i trea kringom speleplassen. I same sekund stilna alle barnerøyster, og store auge gløtta varsamt ut gjennom teltopninga for å lokalisere fuglane; no var det viktig å ikkje uroe fuglane før spelet var i gong!

Les mer

O P P T U R

Onsdag 9.mai arrangerer vi Opptur for alle 8.klassingane i Kvinnherad! Elevar frå Åkra, Øyatun, Husnes, Rosendal og Hatlestrand skule deltek. Turen startar frå Velferdsbygget ved Valen sjukehus og går eit stykke på skogsveg og vidare på sti til Nordfjell, Vardhaugselet og Olderbotn. Dette er ein fin rundtur. Elevane startar å gå kl 0930 etter at alle er møtt fram.
Les mer

Turprogram 2012

Hjortedalen 030606 052.jpgKvinnherad Turlag har nok ein gong sett opp eit omfattande og variert turprogram. Vi håpar at mange finn ein tur eller fleire som freistar til deltaking i 2012! Anten du har vore med oss ut før eller ikkje, ikkje nøl med å bli med, du vil få opplevingar for livet. Turane er for alle, medlemmer og ikkje-medlemmer.

Finn du noko av interesse, ta gjerne kontakt for meir informasjon. Programmet ser slik ut..

Les mer

Barnas Turlag: inviterer til friske turar i år!

April 2006 100.jpgFørste helga i mai, 5.-6.mai, vil barnas turlag ha skuleborn og foreldre med ut på orreleik! Ei spennande naturoppleving som er verdt å få med seg. Overnatting i telt/lavvo.  Det vert god tid til leik og bålkos, og ikkje minst høgdepunktet, orreleiken tidleg, tidleg morgongry. Sjå her for fleire spennande turar i regi av Barnas turlag

Les mer

Skitur over Folgefonna 5.-6.mai

Helga 5.-6.mai kan du vera med turlaget på skitur over Folgefonna, ein vakker vårskitur! Vi overnattar i Fonnabu, Bergen turlag si turisthytte ved fonnakanten. Turen vår startar i Godalen og vi går om Hundsøyra over fonna til Fonnabu der vi overnattar. Dag 2 vidare sørover Folgefonna og ned til Bjørndal og Rosendal.
Les mer

Vakker vintertur til Hadlaskard

Helga før påske arrangerte Kvinnherad turlag skitur på Hardangervidda. Turen gjekk frå Garden over Berakupen i strålande solskin og gneistrande skiføre. I kveldinga nådde vi turlagshytta Hadlaskard, kor vi overnatta. 17 personar deltok på turen, medrekna to turleiarar. Sol og vindstille i to dagar gjorde turen til ein fulltreffar. Undervegs fekk vi mellom anna sjå to elgar og ein del ryper i Rjotodalen. Returen gjekk via Veigdalen og Viveli attende til Garden. Ein flott rundtur som ein kan gå over to dagar.

Les mer

Fjelltrimsesongen er i gang

Dersom du ikkje alt er godt i gong med årets Fjelltrim, er det ei fin tid å starte no! Fleire av turmåla er snø-og isfrie og godt mogleg å gå til fots. Nokre av turmåla kan nåast på ski.

Les mer

Fottur i fjellområda kring Innsbruck - seniortur

Seniorgruppa inviterer til fottur i fjellområda kring Innsbruck frå 3.-10.september. Fotturane vekslar mellom lett til litt krevjande dagsturar.
Les mer

Postvegen ons.7.mars

Seniorgruppa i turlaget startar årets tursesong med ein fottur langs Postvegen frå Husnes til Herøysund onsdag 7.mars. Møt opp ved HSD-garasjen  kl. 10.00 og bli med. Lett tur i småkupert terreng. For meir info. Jan Helge Opsanger, tlf. 995 74 139. Sjå fleire bilder frå postvegen under...

 

Les mer

Nye nettsider med turstiar i Kvinnherad klare! www.tursti.kvinnherad.no

Dei nye nettsidene med turstiar i Kvinnherad er no klare! www.tursti.kvinnherad.no Denne veka vert dei nye nettsidene som gjer oss ein god oversikt over turstiane i Kvinnherad lagt ut. Der kan du finna turstiane som har vore med i prosjektet Turstiar i Kvinnherad som var ferdig for 1 år sidan. Det er turstiar frå alle deler av kommunen med i prosjektet.

Les mer

Frisk Kom deg ut-dag 5.febr.

Søndag 5.febr. starta vi tursesongen med Kom deg ut-dag i Fjellhaugen. I alt var omlag 100 personar med på arrangementet, noko vi er svært nøgd med. Veret stoppa ikkje dei friske små og store, som hadde kledd seg godt og deltok med aking og skileik.
Les mer

Kvinnherad fjelltrim, resultat for 2011

Kvinnherad fjelltrim er gjennomført for 9.året. 15 personar har delteke alle åra.  I alt 96 personar fullførte Kvinnherad Fjelltrim i 2011.
Les mer

Kvinnherad Turlag tildelt Kulturprisen for 2011

For ei veke sidan mottok styreleiar gladmeldinga om at Kvinnherad Turlag var tildelt Kvinnherad kommune sin kulturpris for 2011. Turlaget får prisen for eit breidt engasjement og innsats innan fleire område. Grunngjevinga kan du lesa under...
Les mer

Vel gjennomført GPS-kurs

Fredag kveld hadde 15 deltakarar funne fram GPS'en og var klar for kurs i bruk av GPS. Kurset var kommen i stand etter samarbeid mellom Kvinnherad turlag og SØRAL B.I.L og plassane var fordelt jamt mellom laga. Som kursleiar var Eirik Skare frå båtførerprøven.com hyrt inn (www.batforerproven.com). Skare har kjørt dette kursopplegget for Bergen turlag i fleire år og har gode skussmål derfrå.

Les mer

Våt friluftsdag

118 små og store trassa regnveret og vermeldarane sitt råd om å halda seg inne på sundag. Dei tok turen til Tveitedalen og deltok på Kom deg ut-dagen i regi av Bogeskyttarlaget, Sportsfiskaren, Speidaren og Kvinnherad Turlag.

Dei friske deltakarane hadde kledd seg etter veret og fekk prøva kanopadling, bogeskyting, slakk line, og fiske. Grunna mykje væte vart klatringa kutta ut. Men store og små virka godt nøgd med å koma seg ut og kanskje fekk nokon meirsmak på friluftslivet.

Arrangørane var nøgd med dagen og oppslutnaden. Tveitedalen eignar seg godt til ulike friluftsaktivitetar også sommarstid.

Les mer

På to hjul vest i havgapet

Siste helga før jonsok la 14 deltalarar og 2 turleiarar frå Kvinnherad turlag kursen mot vest. Vi starta med skyssbåt frå Sunde lørdags morgonen med syklar, matpakkar og det mest nødvendige av utstyr for 2 dagars sykkeltur. Målet var å sykla gjennom kommunane Bømlo og Austevoll, frå sør til nord.

Les mer

OPPTUR

Trykk BILDER for å sjå bilete frå Opptur Kvinnherad 4.mai 2011. I Kvinnherad deltok alle 8.klassingane, til saman 186

i tillegg til vel 30 lærarar og andre vaksne. Kvinnherad turlag er lokal arrangør. Turen gjekk til Nordfjell og Vardhaugselet og Olderbotn. Sjå elles reportasje i

Les mer

Kvinnherad fjelltrim, resultat for 2010

Fjelltrimmen i regi av Kvinnherad turlag vart avslutta i slutten av oktober og premieringa fann stad i biblioteket 18.november. Totalt fullførte 91 deltakarar fjelltrimmen i 2010. Aldersfordelinga er frå 3 til 84 år blant deltakarane dette året. 12 av deltakarane er 15 år eller yngre og har fått ein premie for deltakinga. Dei som har fullført fjelltrimmen fem år mottok ein kniv med inngravering.

Les mer

Utdanna nye turleiarar

I september arrangerte Kvinnherad og Stord/Fitjar Turlag turleiarkurs for å rekruttera nye turleiarar. Kurset vart gjennomført med base i Kvinnherad og med tur i området ved Mosdalsbu på vestvidda. Deltakarane er godkjende sommarturleiarar og nærmiljøturleiarar og vil frå neste år vera med å leia folk ut på tur. Vi gratulerer med gjennomført kurs og tar vel imot dei nye eldsjelene!
Les mer

Bilder fra tur til vinduet

Bilder fra turen til vinduet finner du her

Trolltunga lokka mange

trolltungaBortimot førti  kvinnheringar la ein søndagsmorgon midt i august 2010 vegen til Tyssedal og Skjeggedal for å la seg pirra av den vidgjetne tunga. På veg innover fjorden låg skydekket trugande nedover fjellsidene, men då bilrekkja kom ut av Folgefonntunnelen, skein sola som vanleg frå skyfri himmel.
Les mer

Spennande tur til Øvre Myrdal

Kvinnherad Turlag arrangerte søndag 27. juni kulturvandring til Øvre Myrdal. Det vakre området ligg heilt ved foten av dei mektige Bjørndalstindane. Turen starta ved bommen på Kletta, og det var organisert bilskyss inn til Myrdalsvatnet. Der samla deltakarane seg i seks båtar, og tok fatt på den om lag 2,8 kilometer lange roturen til Indre Myrdal. Der tok sjølve kulturvandringa til, med Kaare Skaala som guide og føredragshaldar. Dei fyrste stoppestadene var «Sanden», steinmurane etter det gamle ysteriet, og det som truleg er restane er den gamle middelaldergarden. På turen oppover lia, langs den vakre elva, fekk vandrarane høyra om stader som Stutasteget, Frukoststeinen, Vetlasetra og Gudnarshaugen ved Øvre Myrdal Reset.

 
Les mer

Inntrykk frå padletur i Nærøyfjorden

Kvinnherad Turlag inviterte til en tur som har stått på ønskelisten lenge for undertegnede, endelig klaffet det, og det var med store forventninger kursen ble satt for Gudvangen. Der møttes 10 glade kajakkpadlere og turlederne Svein og Gunnlaug. Været var i bedring og vi la ut i et eventyrlig landskap med irrgrønt hav og bratte fjellsider med små og store fossefall.

Les mer

Seniortur til Kikedalen

Onsdag 26. mai samlast 14 turglade seniorar frå Kvinnherad på ferjekaien i Gjermundshamn. Målet var Kikedalen, ein avsides øydegard i Fusa. Turen dit var i regi av seniorgruppa i Kvinnherad Turlag, med Kåre Haugse og Johan Hjortås som turleiarar.  Frå Holdhus bar det på smal og svingete lokalveg til Gjøn ved Gjønavatnet. Gjøn er i lita avsides men idyllisk grend med fine bøar og omlag 40 fastbuande. Her vart me godt mottekne av nysgjerrige sauer og lam på heimebeite. Så bar det i veg til fots på stien mot Kikedalen...

Les mer

Seniortur til Skottland, 03 til 13 mai, 2010

Seniorgruppa i Kvinnherad turlag gjennomførte i mai ein 10 dagars tur til det skotske høglandet. Turleiar Liv Kvandal kan vera godt nøgd med gjennomført tur etter lang tids førebuing. Ho fortel her frå turen langs the West Highland Way, som starta ved Milngavie ved Glasgow.
Les mer

Skiturar i Kvinnherad

Med vide fjellområde, høge toppar og Folgefonna innanfor kommunegrensene ligg forholda godt til rette for å tøya skisesongen utover på våren og forsommaren. Mange av dei som likar skiturar, synest denne delen av sesongen er den finaste. Kvinnherad Turlag har her lista opp nokre forslag til skiturar rundt om i kommunen.
Les mer

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Oddgeir BruasetTorsdag 26. november kl. 19.00 kjem Oddgeir Bruaset med kåseriet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" til Kvinnherad.

Les mer

Våt, men flott tur til Fynderdalen

Turen var utlyst som ”Oppdagarferd ved Nordfonna”. Diverre kom sundagen med skodde og regn, så turleiarane føreslo Fynderdalen som erstatning. Berre to av dei frammøtte hadde vore der før,  og med å leggja ruta delvis alternativt til den vanlege vegen, så vart dette ei ”oppdagarferd” for alle: Frå Brekke langs isvegen 1822 – Sandavodlen – Bruene – Fønderdalen – Hovden – ned langs kanten mot Vetledalen – tvers i Vasslio til normalstien – heim som vanleg langs vatnet og isvegen 1864

Les mer

Opplevingsrik tur frå Åkrafjord til fjells og ned att

Turen, som starta med rotur på Åkrafjorden til Eintveit fredag ettermiddag, vart opplevingsrik for dei 16 deltakarane. Ei overnatting på Eintveit med god mat og bålkos under fullmåne og i godt ver gav godt grunnlag for den ganske lange fotturen til fjells via Eintveithorgjo og vidare til Sandvatna. Her hadde Trygve Øvstebø laga til leir og serverte hjortegryte kokt på bål. Etter overnatting i leiren bar det vidare mot Åkrastølen og heilt ned att til Åkra. Bilder frå turen kan du sjå her: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album582

 

Les mer

Bilete fra Lofthus rundt 21. juni

Vi har no lagt ut bilete frå den flotte turen Lofthus rundt som vart arrangert den 21.juni. Ein flott tur som altfor mange gjekk glipp av. Dessverre var det berre fem deltakarar på denne turen, men dei fekk ein fantastisk tur i vakker vestlandsnatur. Bilder frå turen finn du her: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album563

 

På sykkel i Eksingedalen 1.-2.august

Fyrste helga i august inviterte Kvinnherad Turlag til sykkeltur i Eksingedalen.  Ein fin gjeng på 13 personar fekk nyta  dei mange naturopplevingane  turen ga. Den storslagne naturen med vassdrag, vakre fjell og vidder er fantastisk å oppleva frå sykkelsetet.

Den totale lengda på vår rundtur var om lag 90 km. Det er stor variasjon i landskapet frå fjell, dal og til fjord som gjer det spennande å runda neste sving...

Les mer

Flotte naturopplevingar frå sykkelsetet

1.-2.august gjennomførte Kvinnherad turlag sykkeltur i Eksingedalen. Sykkelturen vår starta på Evanger og enda opp på Dale etter 85 km krydra med varierte og flotte naturopplevingar. Bilder frå turen finn du ved å klikka på link her:

http://www.bergen-turlag.no/gallery/album562?page=1

 

Halsnøy rundt i kajakk

Deltakarane som padla rundt Halsnøy med turlaget 11.-12.juli fekk ein flott tur. Overnatting var på Romsa i huset til Friluftsrådet. Ved å følgja link, kan du sjå bilder frå turen: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album559

 

Vakkert langs Åkrafjorden

Siste helg i juni var det igjen tid for å padle Åkrafjorden og besøka vakre perler langs fjorden. Turen starta fredagen frå Utåker og enda opp i Eljarvik sundag ettermiddag. Ei helg rik på opplevingar, sol, venskap og godt humør i tillegg til 3,3 tilbakelagte landmil (33 km) i kajakkane...

Les mer

Stord på langs i mai

Turen starta med hurtigbåt frå Sunde kl 10:20 via Ranavik til Leirvik. Her slutta kjentmann Magne Saksvik seg til turlaget. Så bar det til Vistvika der me starta fotturen. Me fulgte skogsvegen opp langs Vistvikelva opp til Svartavatnet. Turen gjekk så mot Mehammarsåta, men før vi kom
Les mer

Vellukka 17.mai-feiring på Finse og Hardangerjøkulen

Gjengen som feira 17.mai på Finse med skitur på Hardangerjøkulen fekk ei minnerik helg med sol, snø og litt vind. Stemninga var god og denne måten å feira nasjonaldagen på er noko alle burde få oppleva ein gong! Leif G. Hovden har sendt oss bilder. Følg link under "les mer"...
Les mer

Venlege Trodla-Tysdal

Ei helg i juni inviterte Kvinnherad turlag til fottur til ville, vakre og sjarmerande Trodla Tysdal, Rogalands mest avsidesliggjande gard i drift. Garden ligg i Hjelmeland kommune ved enden av Øvre Tysdalsvatnet. Turen vår starta frå Kleivaland, 265 moh. med ein 2-3 timar lang fottur forbi dei fråflytta gardane Ritland, Kløv og Helgaland. Høgste punktet på turen ligg på 425 moh, så dette er ein grei fottur for kvinnheringar som er vane med langt brattare lende.

Link til fotoalbum: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album548

 

Les mer

Fantastiske Folgefonna

2.pinsedag inviterte Kvinnherad turlag til dagstur på Folgefonna. 10 deltakarar møtte fram til start og fekk ein fantastisk flott dag i Blådalen og på fonna. Turen vår starta ved Blåfalli IV, dvs. ved vegenden inst i Blådalen. Her vart det skibering ein halvtime før vi spente på ski og gjekk oppover og innover i retning Kvitfjell og Møsevassbreen...  (bilder: "les mer")
Les mer

Drømmen om Folgefonna

På vei mot den selvbetjente Holmaskjer turisthytteKristin Krohn Devold, generalsekretær i DNT, hadde lenge drømt om Folgefonna som reisemål for en av vårens vakreste skiturer. Hun ble strålende fornøyd med vårskituren og kultur- og naturopplevelsene Hardanger kunne by på.

I strålende solskinn dagene før 17. mai viste Rosendal seg fra sin beste side.
Les mer

Bli med Kvinnherad Turlag på tur og gå Stord på langs.

Stord på langs 050606 018Vi reknar med at mange turglade kvinnheringar har sett vestover til fjella på Stord og tenkt at der skulle eg ha vore. Vi her inne er jo bortskjemde med flotte og høge fjell men fjella på Stord er og verkeleg verd eit besøk. Og så gjev dei jo eit glimrande høve til å sjå heim! Difor inviterer turlaget i år til tur„ Stord på langs“.
Les mer

Over 4500 8-klassinger på tur i Hordaland 6. mai

Opptur Hordaland logo

Solen skinte etterhvert opp fra en grå morgen og over de 4600 deltagerene på Opptur Hordaland da de la i vei på tur i dag morges. I Hordaland var det tur følgende steder: Bergen, Os, Nordhordland, Odda, Kvinnherad, Stord og på Voss. På landsbasis er det over 23000 elever på tur denne dagen på 54 ulike steder. Dette er det høyeste deltagertallet både lokalt og nasjonalt noensinne.

Les mer

BARNAS TURLAG PÅ ORRELEIK

Barnas Turlag har denne helga vore på tur til Storhaug i Uskedalen, der vi skulle prøva å få med oss orreleiken. Vi var 13 born og 9 vaksne som såg fram mot eit fint døgn i fjellet.... Les meir og sjå bilder her...
Les mer

Flott padlehelg i Fitjarøyane - sjå bildene

Vi har lagt ut bilder frå padling i Fitjarøyane med base på Engesund. Guide på turen er lokalkjende Einar Matre som til vanleg driv Smedholmen kyst og naturlivskule. Seglbåten på bildene er Seladon, som høyrer til på Smedholmen. Bildene finn du ved å følgja link: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album500

 

Kvista skiløype Fjellhaugen

30.mars2009 215

Turlaget og hjelpekorpset har lørdag 28. - søndag 29. mars utført dugnad i Fjellhaugen. Med god hjelp av scooterførar Elling Haveland og Madeleine Ersland i Hjelpekorpset vart det kvista langs dei mest nytta rutene.

 

Les mer

Flott skitur til Kyrkjenuten

Turlaget sin skitur til Kyrkjenuten, 1602 m.o.h., vart ei flott turoppleving for dei 10 deltakarane som var med. Vi starta frå Korlevoll, Seljestad, og fulgde løypetraseen mot Steinavatnet, og tok av opp mot Dyrskard og over Dyrskardvatna.

Vidare langs ryggen mot toppen av Kyrkjenuten. Heile vegen på gneistrande skiføre, i lettskya, fint ver. Frå toppen fekk vi nyta eit fantastisk panorama over Hardangervidda, Saudafjorden, Folgefonna, Etnefjella med meir.

Les mer

Møyfallsnuten 31. august

Møyfallsnuten

Heilt topp turver; delvis skya og sol.

Skjeggedal, Mosdalen, Møyfallsnuten. retur.  Det var meininga at turen skulle gå ned til Freimstølen og Odda, men  pga skogshogst i Freimslia var den vegen stengt.

Deltakarane ga uttrykk for at dette er ein uvanleg flott tur som innfridde forventningane.

Les mer

Tusenvis av Hordalands ungdommer til fjells! 08

 MG 3472

Et strålende vær med sol fra blå himmel møtte de over 4000 deltageren på Opptur Hordaland da de la i vei på tur i dag morges. I Hordaland var det tur følgende steder: Bergen, Os, Nordhordland, Kvinnherad, Stord. På landsbasis er det over 16000 elever på tur denne dagen på 34 ulike steder. Dette er det høyeste deltagertallet både lokalt og nasjonalt noensinne.

Les mer

Padletur i Åkrafjorden 29. juni - 1. juli 2007

Åkrafjorden 29.6.-1.7.2007padling 049.jpgVi var 10 spente deltakarar og to turleiarar som møttest på Utåker fredag ettermiddag. Kvinnherad turlag hadde sett Åkrafjorden på programmet, og første stopp var på Vannes. Der ynskte Harald Rafdal oss velkomne. I sommar skal han bu på Vannes og betjena Vannes fjordkafe.
Les mer

Opptur Kvinnherad - sjå bilder

Alle 8.klassingane i kommunen vart invitert. Desse skulane deltok med hundre prosent oppslutnad; Rosendal, Husnes, Øyatun og Åkra ungdomsskule. Tilsaman starta Frå Rosendal ungd.skule; 49 elevar og 7 vaksne (lærarar og assistentar) Frå Husnes ungdomsskule; 79 elevar og 10 vaksne Frå Øyatun ungd.sk.; 27 elevar og 3 vaksne Frå Åkra ungd.skule; alle dei fem elevane i 8.trinnet i lag med ein vaksen. Det vil sei 160 8.klassingar og 22 vaksne.

Les mer

Draumehelg i Fitjarøyane 29. - 30. april 07

29.april 2007 050.jpgFitjarøyane er det store øyriket mellom Stord og Bømlo og avgrensa i nord mot Selbjørnsfjorden. Dei utgjer tilsaman 381 øyar, holmar og skjer. Med andre ord eit godt utgangspunkt for å ferdast med kajakk då ein kan smyga seg inn mellom trange sund og på grunn sjø.
Les mer

Turen går til Borgundnuten

Borgundnuten.jpgNår du er komen til toppen på Borgundnuten, får du eit storslått utsyn over heile Sunnhordland, havet i sør, Bjoalandet, Romsa og nordover mot Kvinnherad-fjella, dei mektige fjella Ulvanosa, Englafjell og Mjelkhaug. Folgefonna ligg som eit kvitt bakteppe. Turen er verdt eit besøk, det tar ein times gange i roleg turtempo å nå toppen.
Les mer

Vellukka jentetur til Fonnabu

Jentetur 2006Den etter kvart faste Jenteturen til Fonnabu vart gjennomført siste helga i august. 15 spreke damer og jenter starta i sol fotturen på den behagelege Isvegen frå Bondhus inn til Sandavollen. Herifrå fulgde me turistvegen til Gardshamar. Stien, eller vegen, slynger seg oppover Hillarslia så her er det berre å gå jamnt og trutt til ein når ”halvgjenge-målet” Gardshamar.
Les mer

Naturopplevingar for livet på Hardangervidda

Peisabotn.JPGTuren på Hardangervidda vart gjennomført 10.-13.august i år med 16 deltakarar. Vi hadde ein flott tur i vakker natur. Turen starta frå Hjølmo i øvre Eidfjord. Herifrå gjekk vi inn Veigdalen, Viveli og til Hedlo kor vi hadde ein god rast. Frå Hedlo vidare om Rjoto til Heimste Hadlaskard og Hadlaskard.
Les mer

Ridestien imponerte

gamle murer.JPGSøndag 20. august gjennomførte 10 deltakarar ein elleve timar lang tur langs ridestien Austrepollen - Mysevatnet - Hundsøyra og tilbake ned Hardingaskaret til Austrepollen att. Vermeldingane var ikkje dei beste, men dei frammøtte kunne nyta sol heile dagen.
Les mer

Turen går til Mjelkhaug

 Mjelkhaug er det høgste fjellet ovanfor Husnes og Valen. Når me står ved varden, er me 1005 m. over havet. Mjelkhaug ligg som eit landemerke sett frå Husnes - sida og er lett tilgjengeleg for dei aller fleste. Toppen kan nåast på merka stiar både frå Helland og frå Valen. Me har valt å ta turen frå Valen.
Les mer

Turen går til Varden på Varaldsøy - 600 m o.h.

Varden, Varaldsøy310706A.K.E. 010.jpgRuta til Varden:
Ta ferja Løfallstrand - Gjermundshamn til Varaldsøy og fylg vegen frå ferjekaien til Øvsthus om lag 5 km. Detaljert: først ca. 1,2 km på hovudvegen, så til høgre ved skiltet " Gjuvsland 2". Fylg denne vegen ca. 2,7 km i retning Haukanes og ta til venstre på grusveg på ein bakketopp og fylg denne i om lag 450 meter.
Les mer

Turen går til: GRÅSKALLEN

Gråskallen_2.jpgKvinnherad Turlag vil utover året presentera fleire turar i Kvinnheringen og på nettsida. Alle turmåla ligg i Kvinnherad, og dei fleste ligg i fjellet, men nokre så nær fast busetnad og innmark at dei lett let seg nå på ein time eller to. Dagens turbeskrivelse er frå turen til Gråskallen.

Les mer

Padle-eventyr i Fitjarøyane 21. - 23. april 06

april2006 Smedholmen 056.jpgSiste helga i april fekk eit titalls kajakk-entusiastar oppleva eit eventyr med padling i Fitjar-øyane. 365 øyar å velja i, nok til eit heilt år! Vi hadde sett av tida frå fredag ettermiddag til sundag kveld. Med Einar Matre som lokalkjend guide, skulle vi få introduksjon til mange gledar ved padlelivet og koma tett på fleire av dei mange øyane.
Les mer

Turen går til Ænessetra

Dagens tur startar frå kyrkja på Ænes, herifrå kan ein følgja skogsbilvegen innover dalen. Om lag tre km inne i Ænesdalen ligg Ænessetra, kor dalen er på det breiaste. Turen er lett å gå, og turmålet dekkjer turområde fem, Ænes - Mauranger.
Les mer

Turen går til Breidablikk

Tar du turen til Breidablikk, kan vi garantera deg ei allsidig naturoppleving. Turen startar ved fjorden og endar opp i eit vilt og vakkert fjell- og brelandskap 1322 moh. Det er ikkje utan grunn at Bondhus-området har vore ein turistmagnet heilt frå turiststraumen til Vestlandet starta på byrjinga av 1800-talet.
Les mer

Turen går til Kvitegga 630 m.o.h.

Kvitegga ligg på austsida av Omvikdalen, og dannar eit skilje mellom Omvikdalen og Guddal. Både Seimsfoss Grendelag og Omvikdalen Idrettslag har registreringsbøker på toppen, og i tillegg er den med i fjelltrimmen til Kvinnherad Turlag.

Les mer

Turen går til Ulvanosa – Geitadalstinden, 1213 m o.h.

Gangtid ca. 3 timar frå Uskedalen. Geitadalstinden er den nordlegaste toppen av Ulvanosa, vakker og dominerande sett frå Uskedalen. Bratte fjellsider ned mot Musland der fjellklatringsentusiastar har eit klatreeldorado med mange klatreruter.
Les mer

Turen går til: Svelgabreen/Botnane

Kvinnherad Turlag merka og varda sommaren 2000 ei rute frå enden av anleggsvegen i Blådalen til Svelgabreen/Botnane ved sør-enden av Folgefonna. Turen høyrer til område 8, Matre/Åkra i turlaget sin fjelltrim.

Les mer

Turmål: TJODBERGSHAUGEN

Tek du turen til Tjodbergshaugen på Halsnøy, kjem du på historisk grunn. Her er far etter menneske heilt frå  100-200- talet etter Kristi fødsel. På Tjodbergshaugen har arkeologane funne spor etter ei bygdeborg som truleg er den eldste i Sunnhordland.
Les mer

Dagens turmål: Blånut, 321 m.o.h.

Blånut ruvar ikkje nett i landskapet, men stikk likevel så pass opp over terrenget rundt at du har eit mektig vidsyn over Folgefonna, dei fleste Kvinnhersfjella, Hovlandsnuten og Såta på Tysnes, samt ut til Stord og over Bjørnefjorden. 
Les mer

Folgefonna nasjonalpark er juvelen blant nasjonalparkene

DNT08.jpgMiljøvernminister Knut Arild Hareide kalte Folgefonna for juvelen blant norske nasjonalparker under åpningen i Bondhusdalen. Folgefonna er Norges 25 nasjonalpark og den første som i sin helhet ligger i Hordaland.

Les mer