Annonser

 
 
Del | Tilbake | Skriv ut | Tips en venn

Kvinnherad Turlag er eit lokallag under Den Norske Turistforening/Bergen Turlag. Kvinnherad Turlag vart skipa 5. november 1998, og skal arbeida for eit aktivt, naturvenleg og trygt friluftsliv for alle som bur i, og som vitjar kommunen. Moglegheitene i nærmiljøet er mange, både når det gjeld turar på ski og til fots. I Kvinnherad har vi ein unik natur som og gjev utfordringar for dei som ynskjer å driva bre- og klatreaktivitetar.

 

 

Spennande tur til Øvre Myrdal

Kvinnherad Turlag arrangerte søndag 27. juni kulturvandring til Øvre Myrdal. Det vakre området ligg heilt ved foten av dei mektige Bjørndalstindane. Turen starta ved bommen på Kletta, og det var organisert bilskyss inn til Myrdalsvatnet. Der samla deltakarane seg i seks båtar, og tok fatt på den om lag 2,8 kilometer lange roturen til Indre Myrdal. Der tok sjølve kulturvandringa til, med Kaare Skaala som guide og føredragshaldar. Dei fyrste stoppestadene var «Sanden», steinmurane etter det gamle ysteriet, og det som truleg er restane er den gamle middelaldergarden. På turen oppover lia, langs den vakre elva, fekk vandrarane høyra om stader som Stutasteget, Frukoststeinen, Vetlasetra og Gudnarshaugen ved Øvre Myrdal Reset.

 
Les mer

Fonnabu-hyttene klare for sommarsesongen

I helga vart det utført stor dugnad på Fonnabu-hyttene. Rikelege mengder med ved, gass og proviant er no på plass. Det er utført storvask i alle husa, så no er hyttene klare til å ta imot sommargjester.

Det er framleis mogleg å gå turar på ski i området. Frå Øyremerkjevatnet og inn til hyttene er det godt skiføre, på Folgefonna er det også mulighet for å gå på ski lenge enno. Med nattefrost slik vi hadde i helga, var føret gnistrande. Så om du lar deg friste, kvifor ikkje nytta dei ljose sommarnettene til ein skitur på fonna? Det er magisk å få oppleva

Les mer

Inntrykk frå padletur i Nærøyfjorden

Kvinnherad Turlag inviterte til en tur som har stått på ønskelisten lenge for undertegnede, endelig klaffet det, og det var med store forventninger kursen ble satt for Gudvangen. Der møttes 10 glade kajakkpadlere og turlederne Svein og Gunnlaug. Været var i bedring og vi la ut i et eventyrlig landskap med irrgrønt hav og bratte fjellsider med små og store fossefall.

Les mer

Seniortur til Kikedalen

Onsdag 26. mai samlast 14 turglade seniorar frå Kvinnherad på ferjekaien i Gjermundshamn. Målet var Kikedalen, ein avsides øydegard i Fusa. Turen dit var i regi av seniorgruppa i Kvinnherad Turlag, med Kåre Haugse og Johan Hjortås som turleiarar.  Frå Holdhus bar det på smal og svingete lokalveg til Gjøn ved Gjønavatnet. Gjøn er i lita avsides men idyllisk grend med fine bøar og omlag 40 fastbuande. Her vart me godt mottekne av nysgjerrige sauer og lam på heimebeite. Så bar det i veg til fots på stien mot Kikedalen...

Les mer

Seniortur til Skottland, 03 til 13 mai, 2010

Seniorgruppa i Kvinnherad turlag gjennomførte i mai ein 10 dagars tur til det skotske høglandet. Turleiar Liv Kvandal kan vera godt nøgd med gjennomført tur etter lang tids førebuing. Ho fortel her frå turen langs the West Highland Way, som starta ved Milngavie ved Glasgow.
Les mer

Opptur i sol

Dei omlag 200 8.klassingane fekk ein fin Opptur til Nordfjell i strålande ver. Turen gjekk frå Valen via Nordfjell og Vardhaugselet til Olderbotn. Alle som deltok var med i trekking av tre gåvekort. Dei heldige vinnarane er: Anne L. Våge, kl. 8A Rosendal, Lasse Kristoffer, kl. 8D Husnes og Ørjan Øvsthus kl. 8B, Rosendal. Gåvekorta kan løysast inn ved Sport1 og er på kr. 500,- GÅvekorta er sponsa av Noreq as, Sport1 Rosendal og Hellesøy Verft as.

Les mer

Vakker vårskitur til Ulvanosa med 56 deltakarar

Det som var førehandsannonsert som ” eit av vårens vakraste eventyr” vart venteleg  det for dei  som møtte fram til tur i Tveitedalen sist søndag. Vi turleiarane fekk oss ei real overrasking når vi oppdaga at heile 56 deltakarar hadde møtt fram og ville på tur. Her var det folk frå Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes og Etne men sjølvsagt flest Kvinnheringar...

Les mer

"Vårfest i Trollerolleskogen" 11.april Barnas Turlag

Ein gong i verda  levde det tre trollkjerringar i skogen oppfor Seimshamrane. Den eldste heitte Supande-sipp, den nest eldste heitte Sipp-sippe-nipp og den yngste heitte Skvatt-skvadre-ratt. Dei treivst så godt og var vel forlikte med både folk og fe.... Komande sundag kan små og store slå følgje med Barnas Turlag i Trollerolleskogen! Her har Ingrid Helene Gangdal oppdaga og blitt kjent med fleire troll. Kanskje vil du også oppdaga dei? Møt fram ved Kvinnherad Bygg, Seimsfoss, sundag 11.april kl. 12.00 - Ta med niste, drikke og familien din. Resten av eventyret kan du lesa her...

Les mer

Skiturar i Kvinnherad

Med vide fjellområde, høge toppar og Folgefonna innanfor kommunegrensene ligg forholda godt til rette for å tøya skisesongen utover på våren og forsommaren. Mange av dei som likar skiturar, synest denne delen av sesongen er den finaste. Kvinnherad Turlag har her lista opp nokre forslag til skiturar rundt om i kommunen.
Les mer

To turlagsmedlemmer vart tildelt Bergen Turlag sitt heidersteikn

Heidersteiknet vert tildelt kandidatar som er medlemmer av Bergen Turlag og har gjort ein betydeleg innsats over mange år og på fleire felt av laget si verksemd.

Det vert lagt vekt på at kandidatane representerer laget på ein verdig og positiv måte. Heidersteiknet er ei nål med Bergen Turlag sitt emblem.

Les mer

Last ned turprogrammet!

Turprogrammet for 2010 kan du no lasta ned.
Les mer

Kvinnherad Fjelltrim 2009

Kvinnherad Fjelltrim 2009-sesongen er avslutta og turlaget er nøgd med deltakinga. Totalt 99 personar har  delteke og fullført minstekravet som er ein tur, kort eller lang, i minst fem av dei åtte områda. 9 personar vil få tildelt 5-årspremie og 17 deltakarar på 15 år og yngre får kvar sin premie. Premiering i samband med Kulturkveld med Bruaset torsdag 26.nov. i Kulturhuset Husnes kl. 19.00.

Les mer

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Oddgeir BruasetTorsdag 26. november kl. 19.00 kjem Oddgeir Bruaset med kåseriet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" til Kvinnherad.

Les mer

Våt tur til Odda

Turen var utlyst som Jordalsnuten rundt, men med store mengder nedbør den 16.august vart turen korta inn. Vi tilpassa turen etter verforholda og gjekk den flotte kulturløypa Mannsåker – Ragde – Hjøllo – Mannsåker. Knapt fire timar med gode foteljepausar av oddingen Hermund, og elles engasjerte diskusjonar i ei glad regnversgruppe. For å bli kjent med Odda og områda ikring kan denne turen anbefalast for alle.
Les mer

Våt, men flott tur til Fynderdalen

Turen var utlyst som ”Oppdagarferd ved Nordfonna”. Diverre kom sundagen med skodde og regn, så turleiarane føreslo Fynderdalen som erstatning. Berre to av dei frammøtte hadde vore der før,  og med å leggja ruta delvis alternativt til den vanlege vegen, så vart dette ei ”oppdagarferd” for alle: Frå Brekke langs isvegen 1822 – Sandavodlen – Bruene – Fønderdalen – Hovden – ned langs kanten mot Vetledalen – tvers i Vasslio til normalstien – heim som vanleg langs vatnet og isvegen 1864

Les mer

Opplevingsrik tur frå Åkrafjord til fjells og ned att

Turen, som starta med rotur på Åkrafjorden til Eintveit fredag ettermiddag, vart opplevingsrik for dei 16 deltakarane. Ei overnatting på Eintveit med god mat og bålkos under fullmåne og i godt ver gav godt grunnlag for den ganske lange fotturen til fjells via Eintveithorgjo og vidare til Sandvatna. Her hadde Trygve Øvstebø laga til leir og serverte hjortegryte kokt på bål. Etter overnatting i leiren bar det vidare mot Åkrastølen og heilt ned att til Åkra. Bilder frå turen kan du sjå her: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album582

 

Les mer

Bilder frå våt friluftsdag på Fjellandsbø, 16.august

Friluftsdagen vart noko amputert grunna store vassmengder! Vinden i tillegg til alt vatnet gjorde at vi måtte avlysa kanopadling og skyting. Fiskarane trekte i hus og serverte nysteikt fisk i det oppvarma teltet. Til stor glede for mange, var ikkje regnet noko hinder for tyrolertraversen og line-gangen. Til saman rundt 50 små og store fann vegen til Fjellandsbø til tross for det kraftige regnveret! Det er vi i turlaget godt nøgd med. Sjå bilder frå Friluftsdagen her: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album564

Uskedalen.no har reportasje frå arrangementet her: http://www.uskedalen.no/no/nyhende/3668/

 

 

Bilete fra Lofthus rundt 21. juni

Vi har no lagt ut bilete frå den flotte turen Lofthus rundt som vart arrangert den 21.juni. Ein flott tur som altfor mange gjekk glipp av. Dessverre var det berre fem deltakarar på denne turen, men dei fekk ein fantastisk tur i vakker vestlandsnatur. Bilder frå turen finn du her: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album563

 

På sykkel i Eksingedalen 1.-2.august

Fyrste helga i august inviterte Kvinnherad Turlag til sykkeltur i Eksingedalen.  Ein fin gjeng på 13 personar fekk nyta  dei mange naturopplevingane  turen ga. Den storslagne naturen med vassdrag, vakre fjell og vidder er fantastisk å oppleva frå sykkelsetet.

Den totale lengda på vår rundtur var om lag 90 km. Det er stor variasjon i landskapet frå fjell, dal og til fjord som gjer det spennande å runda neste sving...

Les mer

Flotte naturopplevingar frå sykkelsetet

1.-2.august gjennomførte Kvinnherad turlag sykkeltur i Eksingedalen. Sykkelturen vår starta på Evanger og enda opp på Dale etter 85 km krydra med varierte og flotte naturopplevingar. Bilder frå turen finn du ved å klikka på link her:

http://www.bergen-turlag.no/gallery/album562?page=1

 

Halsnøy rundt i kajakk

Deltakarane som padla rundt Halsnøy med turlaget 11.-12.juli fekk ein flott tur. Overnatting var på Romsa i huset til Friluftsrådet. Ved å følgja link, kan du sjå bilder frå turen: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album559

 

Vakkert langs Åkrafjorden

Siste helg i juni var det igjen tid for å padle Åkrafjorden og besøka vakre perler langs fjorden. Turen starta fredagen frå Utåker og enda opp i Eljarvik sundag ettermiddag. Ei helg rik på opplevingar, sol, venskap og godt humør i tillegg til 3,3 tilbakelagte landmil (33 km) i kajakkane...

Les mer

Stord på langs i mai

Turen starta med hurtigbåt frå Sunde kl 10:20 via Ranavik til Leirvik. Her slutta kjentmann Magne Saksvik seg til turlaget. Så bar det til Vistvika der me starta fotturen. Me fulgte skogsvegen opp langs Vistvikelva opp til Svartavatnet. Turen gjekk så mot Mehammarsåta, men før vi kom
Les mer

Vellukka 17.mai-feiring på Finse og Hardangerjøkulen

Gjengen som feira 17.mai på Finse med skitur på Hardangerjøkulen fekk ei minnerik helg med sol, snø og litt vind. Stemninga var god og denne måten å feira nasjonaldagen på er noko alle burde få oppleva ein gong! Leif G. Hovden har sendt oss bilder. Følg link under "les mer"...
Les mer

Venlege Trodla-Tysdal

Ei helg i juni inviterte Kvinnherad turlag til fottur til ville, vakre og sjarmerande Trodla Tysdal, Rogalands mest avsidesliggjande gard i drift. Garden ligg i Hjelmeland kommune ved enden av Øvre Tysdalsvatnet. Turen vår starta frå Kleivaland, 265 moh. med ein 2-3 timar lang fottur forbi dei fråflytta gardane Ritland, Kløv og Helgaland. Høgste punktet på turen ligg på 425 moh, så dette er ein grei fottur for kvinnheringar som er vane med langt brattare lende.

Link til fotoalbum: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album548

 

Les mer

Fonnaturen før DNT-landsmøtet i Bergen 4. – 7. juni

Landsmøte 2009 Folgefonna Frå sentralt hald i DNT vart det ytra ynskje om ein tur til Folgefonna Nasjonalpark i forkant av landsmøtet, for dei som ville kombinera opphaldet i Bergen med ”vestlandsk vårskiløping”. Bergen Turlag bad oss som lokallag om å arrangera turen, og invitasjonen vår finn ein under ”Landsmøtet 2009” i menylina øverst på denne sida, og deretter ”Skitur på Folgefonna”.
Les mer

Fantastiske Folgefonna

2.pinsedag inviterte Kvinnherad turlag til dagstur på Folgefonna. 10 deltakarar møtte fram til start og fekk ein fantastisk flott dag i Blådalen og på fonna. Turen vår starta ved Blåfalli IV, dvs. ved vegenden inst i Blådalen. Her vart det skibering ein halvtime før vi spente på ski og gjekk oppover og innover i retning Kvitfjell og Møsevassbreen...  (bilder: "les mer")
Les mer

Drømmen om Folgefonna

På vei mot den selvbetjente Holmaskjer turisthytteKristin Krohn Devold, generalsekretær i DNT, hadde lenge drømt om Folgefonna som reisemål for en av vårens vakreste skiturer. Hun ble strålende fornøyd med vårskituren og kultur- og naturopplevelsene Hardanger kunne by på.

I strålende solskinn dagene før 17. mai viste Rosendal seg fra sin beste side.
Les mer

Bli med Kvinnherad Turlag på tur og gå Stord på langs.

Stord på langs 050606 018Vi reknar med at mange turglade kvinnheringar har sett vestover til fjella på Stord og tenkt at der skulle eg ha vore. Vi her inne er jo bortskjemde med flotte og høge fjell men fjella på Stord er og verkeleg verd eit besøk. Og så gjev dei jo eit glimrande høve til å sjå heim! Difor inviterer turlaget i år til tur„ Stord på langs“.
Les mer

Over 4500 8-klassinger på tur i Hordaland 6. mai

Opptur Hordaland logo

Solen skinte etterhvert opp fra en grå morgen og over de 4600 deltagerene på Opptur Hordaland da de la i vei på tur i dag morges. I Hordaland var det tur følgende steder: Bergen, Os, Nordhordland, Odda, Kvinnherad, Stord og på Voss. På landsbasis er det over 23000 elever på tur denne dagen på 54 ulike steder. Dette er det høyeste deltagertallet både lokalt og nasjonalt noensinne.

Les mer

BARNAS TURLAG PÅ ORRELEIK

Barnas Turlag har denne helga vore på tur til Storhaug i Uskedalen, der vi skulle prøva å få med oss orreleiken. Vi var 13 born og 9 vaksne som såg fram mot eit fint døgn i fjellet.... Les meir og sjå bilder her...
Les mer

Bilder frå Ski Base Camp

...kan du finna her: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album505 Lenger nede på sida finn du ei turskildring frå fjellsportgruppa si skisamling i Øvre Myrdal

Flott padlehelg i Fitjarøyane - sjå bildene

Vi har lagt ut bilder frå padling i Fitjarøyane med base på Engesund. Guide på turen er lokalkjende Einar Matre som til vanleg driv Smedholmen kyst og naturlivskule. Seglbåten på bildene er Seladon, som høyrer til på Smedholmen. Bildene finn du ved å følgja link: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album500

 

Kvista skiløype Fjellhaugen

30.mars2009 215

Turlaget og hjelpekorpset har lørdag 28. - søndag 29. mars utført dugnad i Fjellhaugen. Med god hjelp av scooterførar Elling Haveland og Madeleine Ersland i Hjelpekorpset vart det kvista langs dei mest nytta rutene.

 

Les mer

Flott skitur til Kyrkjenuten

Turlaget sin skitur til Kyrkjenuten, 1602 m.o.h., vart ei flott turoppleving for dei 10 deltakarane som var med. Vi starta frå Korlevoll, Seljestad, og fulgde løypetraseen mot Steinavatnet, og tok av opp mot Dyrskard og over Dyrskardvatna.

Vidare langs ryggen mot toppen av Kyrkjenuten. Heile vegen på gneistrande skiføre, i lettskya, fint ver. Frå toppen fekk vi nyta eit fantastisk panorama over Hardangervidda, Saudafjorden, Folgefonna, Etnefjella med meir.

Les mer

På hjul i Handelandsdalen

Barnas Turlag inviterte til sykkel-og trilletur i Handelandsdalen søndag 26.oktober. 32 store og små deltok på turen. Veret vart brukande med opplett heile tida. Undervegs var det lagt opp natursti med tekking av premiar blant alle som hadde svart. Med fyr på grillen kunne ein nyta medbrakt lappekakerøre, pølser med meir. Ein kjekk avslutning på tursesongen for Barnas Turlag. Sjå bilder her: http://www.bergen-turlag.no/gallery/album453

 

Fjell, fossar, bratte heng og blanke fjellvatn

Dette var noko av det dei 13 syklistane fekk oppleva då Kvinnherad Turlag inviterte til sykkeltur på Rallarvegen med noko attåt. Ein av deltakarane har skildra turen og fleire tok bilder som du kan finna i albumet, sjå link nedst i teksten.

Les mer

Møyfallsnuten 31. august

Møyfallsnuten

Heilt topp turver; delvis skya og sol.

Skjeggedal, Mosdalen, Møyfallsnuten. retur.  Det var meininga at turen skulle gå ned til Freimstølen og Odda, men  pga skogshogst i Freimslia var den vegen stengt.

Deltakarane ga uttrykk for at dette er ein uvanleg flott tur som innfridde forventningane.

Les mer

Tusenvis av Hordalands ungdommer til fjells! 08

 MG 3472

Et strålende vær med sol fra blå himmel møtte de over 4000 deltageren på Opptur Hordaland da de la i vei på tur i dag morges. I Hordaland var det tur følgende steder: Bergen, Os, Nordhordland, Kvinnherad, Stord. På landsbasis er det over 16000 elever på tur denne dagen på 34 ulike steder. Dette er det høyeste deltagertallet både lokalt og nasjonalt noensinne.

Les mer

Padletur i Åkrafjorden 29. juni - 1. juli 2007

Åkrafjorden 29.6.-1.7.2007padling 049.jpgVi var 10 spente deltakarar og to turleiarar som møttest på Utåker fredag ettermiddag. Kvinnherad turlag hadde sett Åkrafjorden på programmet, og første stopp var på Vannes. Der ynskte Harald Rafdal oss velkomne. I sommar skal han bu på Vannes og betjena Vannes fjordkafe.
Les mer

Opptur Kvinnherad - sjå bilder

Alle 8.klassingane i kommunen vart invitert. Desse skulane deltok med hundre prosent oppslutnad; Rosendal, Husnes, Øyatun og Åkra ungdomsskule. Tilsaman starta Frå Rosendal ungd.skule; 49 elevar og 7 vaksne (lærarar og assistentar) Frå Husnes ungdomsskule; 79 elevar og 10 vaksne Frå Øyatun ungd.sk.; 27 elevar og 3 vaksne Frå Åkra ungd.skule; alle dei fem elevane i 8.trinnet i lag med ein vaksen. Det vil sei 160 8.klassingar og 22 vaksne.

Les mer

Draumehelg i Fitjarøyane 29. - 30. april 07

29.april 2007 050.jpgFitjarøyane er det store øyriket mellom Stord og Bømlo og avgrensa i nord mot Selbjørnsfjorden. Dei utgjer tilsaman 381 øyar, holmar og skjer. Med andre ord eit godt utgangspunkt for å ferdast med kajakk då ein kan smyga seg inn mellom trange sund og på grunn sjø.
Les mer

Turen går til Borgundnuten

Borgundnuten.jpgNår du er komen til toppen på Borgundnuten, får du eit storslått utsyn over heile Sunnhordland, havet i sør, Bjoalandet, Romsa og nordover mot Kvinnherad-fjella, dei mektige fjella Ulvanosa, Englafjell og Mjelkhaug. Folgefonna ligg som eit kvitt bakteppe. Turen er verdt eit besøk, det tar ein times gange i roleg turtempo å nå toppen.
Les mer

Vilt og vakkert på Juklavasskruna og Store Bjørndalstind

IMG_0007.jpgKvinnherad Turlag hadde ein flott tur med 19 deltakarar til Juklavasskruna og Store Bjørndalstind i dei vidgjetne Rosendalsalpane den 9.september. Turen starta frå Muradalen og vi gjekk opp langs Ringeriksfossen til Bjørndal om Bjørndalsbotnen til Juklavasskruna.

Les mer

Vellukka jentetur til Fonnabu

Jentetur 2006Den etter kvart faste Jenteturen til Fonnabu vart gjennomført siste helga i august. 15 spreke damer og jenter starta i sol fotturen på den behagelege Isvegen frå Bondhus inn til Sandavollen. Herifrå fulgde me turistvegen til Gardshamar. Stien, eller vegen, slynger seg oppover Hillarslia så her er det berre å gå jamnt og trutt til ein når ”halvgjenge-målet” Gardshamar.
Les mer

Naturopplevingar for livet på Hardangervidda

Peisabotn.JPGTuren på Hardangervidda vart gjennomført 10.-13.august i år med 16 deltakarar. Vi hadde ein flott tur i vakker natur. Turen starta frå Hjølmo i øvre Eidfjord. Herifrå gjekk vi inn Veigdalen, Viveli og til Hedlo kor vi hadde ein god rast. Frå Hedlo vidare om Rjoto til Heimste Hadlaskard og Hadlaskard.
Les mer

Ridestien imponerte

gamle murer.JPGSøndag 20. august gjennomførte 10 deltakarar ein elleve timar lang tur langs ridestien Austrepollen - Mysevatnet - Hundsøyra og tilbake ned Hardingaskaret til Austrepollen att. Vermeldingane var ikkje dei beste, men dei frammøtte kunne nyta sol heile dagen.
Les mer

Turen går til Mjelkhaug

 Mjelkhaug er det høgste fjellet ovanfor Husnes og Valen. Når me står ved varden, er me 1005 m. over havet. Mjelkhaug ligg som eit landemerke sett frå Husnes - sida og er lett tilgjengeleg for dei aller fleste. Toppen kan nåast på merka stiar både frå Helland og frå Valen. Me har valt å ta turen frå Valen.
Les mer

Turen går til Varden på Varaldsøy - 600 m o.h.

Varden, Varaldsøy310706A.K.E. 010.jpgRuta til Varden:
Ta ferja Løfallstrand - Gjermundshamn til Varaldsøy og fylg vegen frå ferjekaien til Øvsthus om lag 5 km. Detaljert: først ca. 1,2 km på hovudvegen, så til høgre ved skiltet " Gjuvsland 2". Fylg denne vegen ca. 2,7 km i retning Haukanes og ta til venstre på grusveg på ein bakketopp og fylg denne i om lag 450 meter.
Les mer

Turen går til: GRÅSKALLEN

Gråskallen_2.jpgKvinnherad Turlag vil utover året presentera fleire turar i Kvinnheringen og på nettsida. Alle turmåla ligg i Kvinnherad, og dei fleste ligg i fjellet, men nokre så nær fast busetnad og innmark at dei lett let seg nå på ein time eller to. Dagens turbeskrivelse er frå turen til Gråskallen.

Les mer

Padle-eventyr i Fitjarøyane 21. - 23. april 06

april2006 Smedholmen 056.jpgSiste helga i april fekk eit titalls kajakk-entusiastar oppleva eit eventyr med padling i Fitjar-øyane. 365 øyar å velja i, nok til eit heilt år! Vi hadde sett av tida frå fredag ettermiddag til sundag kveld. Med Einar Matre som lokalkjend guide, skulle vi få introduksjon til mange gledar ved padlelivet og koma tett på fleire av dei mange øyane.
Les mer

Turen går til Ænessetra

Dagens tur startar frå kyrkja på Ænes, herifrå kan ein følgja skogsbilvegen innover dalen. Om lag tre km inne i Ænesdalen ligg Ænessetra, kor dalen er på det breiaste. Turen er lett å gå, og turmålet dekkjer turområde fem, Ænes - Mauranger.
Les mer

Turen går til Breidablikk

Tar du turen til Breidablikk, kan vi garantera deg ei allsidig naturoppleving. Turen startar ved fjorden og endar opp i eit vilt og vakkert fjell- og brelandskap 1322 moh. Det er ikkje utan grunn at Bondhus-området har vore ein turistmagnet heilt frå turiststraumen til Vestlandet starta på byrjinga av 1800-talet.
Les mer

Turen går til Kvitegga 630 m.o.h.

Kvitegga ligg på austsida av Omvikdalen, og dannar eit skilje mellom Omvikdalen og Guddal. Både Seimsfoss Grendelag og Omvikdalen Idrettslag har registreringsbøker på toppen, og i tillegg er den med i fjelltrimmen til Kvinnherad Turlag.

Les mer

Turen går til Ulvanosa – Geitadalstinden, 1213 m o.h.

Gangtid ca. 3 timar frå Uskedalen. Geitadalstinden er den nordlegaste toppen av Ulvanosa, vakker og dominerande sett frå Uskedalen. Bratte fjellsider ned mot Musland der fjellklatringsentusiastar har eit klatreeldorado med mange klatreruter.
Les mer

Turen går til: Svelgabreen/Botnane

Kvinnherad Turlag merka og varda sommaren 2000 ei rute frå enden av anleggsvegen i Blådalen til Svelgabreen/Botnane ved sør-enden av Folgefonna. Turen høyrer til område 8, Matre/Åkra i turlaget sin fjelltrim.

Les mer

Turmål: TJODBERGSHAUGEN

Tek du turen til Tjodbergshaugen på Halsnøy, kjem du på historisk grunn. Her er far etter menneske heilt frå  100-200- talet etter Kristi fødsel. På Tjodbergshaugen har arkeologane funne spor etter ei bygdeborg som truleg er den eldste i Sunnhordland.
Les mer

Dagens turmål: Blånut, 321 m.o.h.

Blånut ruvar ikkje nett i landskapet, men stikk likevel så pass opp over terrenget rundt at du har eit mektig vidsyn over Folgefonna, dei fleste Kvinnhersfjella, Hovlandsnuten og Såta på Tysnes, samt ut til Stord og over Bjørnefjorden. 
Les mer

Folgefonna nasjonalpark er juvelen blant nasjonalparkene

DNT08.jpgMiljøvernminister Knut Arild Hareide kalte Folgefonna for juvelen blant norske nasjonalparker under åpningen i Bondhusdalen. Folgefonna er Norges 25 nasjonalpark og den første som i sin helhet ligger i Hordaland.

Les mer